Biografi

REVOLVER er to musikarar framfor kvart sitt forsterkaranlegg. Ut kjem kompromisslaus musikk med særpreg og kraft!

Daniel Sandén-Warg og Anders Røine vaks begge opp som rockemusikarar. I dag er dei av dei mest anerkjende folkemusikarane i Noreg og i REVOLVER møtes desse to universa: Hardingfele, langeleik, moraharpe og munnharpe spelt med folkemusikkens intensitet og med rockens lydstyrke.

Med inspirasjon frå den nye generasjonen folkemusikarar frå Mali spelar REVOLVER tradisjonsspelet frå Setesdal og Valdres på sin eigen måte - På dei tradisjonelle instrumenta og med all råheita som ligg der frå gamalt av rytme og tonalitet. Men i ei formidlingsform tilpassa dagens festival- og klubbscener.